Stillingsutlysning: Førsteamanuensis i nyare historie

Førsteamanuensis i nyare historie – st. nr. 46/2017

Ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda er det ledig inntil 2 heile faste stillingar som førsteamanuensis i nyare historie frå 1.8.2018.

Historisk institutt tilbyr forutan emne på 100-nivået (tidlegare grunnfagsnivå) skiftevis 15-studiepoengsemne på 200-nivå i globalhistorie, spansk historie, norske kystsamfunn og lokal-, familie og mikrohistorie. Andre emne er under planlegging. Instituttet tilbyr saman med Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag eit mastergradsstudium i Kulturmøte. Forutan masteroppgåva på 60 studiepoeng blir det gitt undervisning i eit vitskapsteoretisk emne og skiftevis fem kulturhistoriske emne på 15 studiepoeng kvar: Nasjon, kultur og region, Brennpunkt Midt-Austen, Al-Andalus (eldre spansk historie), Mikrohistorie, Migrasjon, kjønn og religion. Tilsette ved Historisk institutt tar også del i annan mastergradsutdanning ved Høgskulen i Volda.

Den som blir tilsett i stillinga, skal ta del i den ordinære undervisninga og rettleiinga i nyare norsk og internasjonal historie og metode på alle dei nivå som instituttet tilbyr. Det er ønskeleg at den som blir tilsett har forskings- og undervisningserfaring på felt nemnde ovanfor, og at vedkommande har stor fagleg breidde. Rettleiing av studentar under arbeid med bachelor- og masteroppgåver vil også vere viktig. Forskingsrett og -plikt er knytt til stillinga.

Meir informasjon om stillinga og søknadsprosessen finn du her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/144773/foersteamanuensis-i-nyare-historie-st-nr-46-2017

Søknadsfrist 15. jaunar 2017

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *