Stillingsutlysning: Førsteamanuensis/høgskulelektor i eldre historie

Førsteamanuensis/høgskulelektor i eldre historie – st. nr. 47/2017

Ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda er det ledig eit heiltids engasjement som førsteamanuensis/høgskulelektor i eldre historie frå 1.8.2018 til 31.7.2019.

Historisk institutt tilbyr forutan emne på 100-nivået (tidlegare grunnfagsnivå) skiftevis 15-studiepoengsemne på 200-nivå i globalhistorie, spansk historie, norske kystsamfunn og lokal-, familie og mikrohistorie. Andre emne er under planlegging. Instituttet tilbyr saman med Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag eit mastergradsstudium i Kulturmøte. Forutan masteroppgåva på 60 studiepoeng blir det gitt undervisning i eit vitskapsteoretisk emne og skiftevis fem kulturhistoriske emne på 15 studiepoeng kvar: Nasjon, kultur og region, Brennpunkt Midt-Austen, Al-Andalus (eldre spansk historie), Mikrohistorie, Migrasjon, kjønn og religion. Tilsette ved Historisk institutt tar også del i annan mastergradsutdanning ved Høgskulen i Volda.

Den som blir tilsett i stillinga, skal ta del i den ordinære undervisninga, samt rettleiing av studentar i eldre norsk og internasjonal historie.

Meir informasjon om stillinga og søknadsprosessen finn du her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/144788/foersteamanuensis-hoegskulelektor-i-eldre-historie-st-nr-47-2017

Søknadsfrist 15. jaunar 2017

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *