HT 3/2018 – ute nå!

Dette nummeret av Historisk tidsskrift er eit temanummer om Organisation Todt (OT) i Noreg under den andre verdskrigen. Organisasjonen hadde namn etter Fritz Todt, og hadde vakse ut av det statlege vegvesenet i Tyskland. Etter å ha demonstrert sin effektivitet i å byggje ut motorvegnettet, fekk OT i 1938 ansvaret for å ta over utbygginga av Vestvollen, forsvarsverket mot Frankrike. Då Todt døydde i ei flyulykke i 1942, blei alle funksjonane hans overførte til Albert Speer. Speer delte OT inn i sju innsatsgrupper, der Einsatzgruppe Wiking fekk ansvar for Danmark og Noreg.

I 1941–42 blei Hitler overtydd om at dei allierte ville prøve ein invasjon i Noreg, og at ei omfattande utbygging av forsvarsverk og militært viktig infrastruktur var nødvendig. I mai 1942 utforma Hitler ein førarordre, ‘Vikingordren’ (Wiking-Befehl), som blei gjeve til Speer i eigenskap av Generalbevollmächtigter für die Regelung der Bauwirtschaft (GB Bau) og som formulerte Einsatzgruppe Wiking sitt byggjeoppdrag i Noreg. Med dette kom OT inn for fullt som byggherre i Noreg ved sida av Wehrmacht.

Nummeret publiserer resultat frå eit forskingsprosjekt om ‘OT, Tvangsarbeidets politiske økonomi: Organisasjon Todt i Norge under andre verdskrig’ (Noregs forskingsråd prosjekt 205572), leia av Hans Otto Frøland ved NTNU. Prosjektet er gjennomført i tett samarbeid mellom NTNU og Norsk Teknisk Museum, som har sett opp ei utstilling bygd på forskingsresultata (https://www.tekniskmuseum.no/grossraum). Medan dette temanummeret rettar særskilt merksemd mot byggjeaktiviteten, er det planlagt ein engelskspråkleg antologi som i større grad analyserer tvangsarbeidet under OT.

Frølands innleiande artikkel drøftar bakgrunnen for den spesielle Vikingordren, kvifor Organisation Todt fekk oppdraget og kor effektivt Einsatsgruppe Wiking gjennomførte utbyggingsprogrammet. Torgeir Sæveraas går inn på den militærstrategiske bakgrunnen for utbygginga og forholdet mellom OT og Wehrmacht. Eitt av utbyggingsoppdraga var det som vekselvis blei kalla Polarjernbanen, Kirkenesbanen eller Finnmarksbanen. Hitler var fiksert på dette prosjektet, men Ketil G. Andersen viser at det var heilt urealistisk og den einaste delen av programmet som blei ein total fiasko. Som alle OT-prosjekt involverte det bruk av krigsfangar som slavearbeidarar under forferdelege vilkår. Andersen drøftar i kva grad Dei norske statsbanane hadde ansvar for bruken av krigsfangar.

Utbyggingsprogrammet i Noreg gjekk langt ut over det norske byggjefirma kunne makte, og frå 1942 til 1945 var 400–500 tyske firma på oppdrag i Noreg for OT. Simon Gogl viser at dei ikkje var tvungne, at dei fekk svært gunstige økonomiske vilkår og at dei kunne auke profitten sin særleg på kostnad av sovjetiske krigsfangar. Gunnar Hatlehol går nærare inn på arbeidskraftbehovet og korleis dette blei administrert. Rundt 130 000 utlendingar, dei fleste krigsfangar eller tvangsarbeidarar, blei sende til Noreg under okkupasjonen, og rundt 90 000 av desse var knytte til EW. Tilgangen var lågare enn måltala, konkluderer Hatlehol, men med unntak for Polarbanen, var byggjeprosjekta likevel heilt eller nær sluttførte då krigen gjekk mot slutten og tilgangen på arbeidskraft slik sett tilfredsstillande. Avslutningsvis går Mats Ingulstad gjennom kva verknader OT hadde for den norske byggjenæringa. Han viser at kontraktar og tariffordningar berre delvis blei lagt om etter tysk mønster. Etterspurnaden etter byggjetenester leidde til ei mengd nyetableringar i næringa som gjorde det nødvendig å innføre ei autorisasjonsordning som kunne sile ut useriøse aktørar. Denne blei i stor grad ført vidare etter krigen.

I eit temanummer som dette vil det både vere ei viss overlapping mellom artiklane for den som les alle, og forhold som er meir utførleg handsama i andre bidrag for den som berre les eitt. Lesarane får noko hjelp ved kryssreferansar mellom artiklane. Med så mange akronym, titlar og institusjonsnamn som vil vere framande for mange lesarar, er nummeret også utstyrt med ei liste over forkortingar.

Narve Fulsås
Ansvarleg redaktør

 

Artikler

Organisation Todt som byggherre i Norge
av Hans Otto Frøland

OT, Wehrmacht og byggingen av Festung Norwegen
av Torgeir E. Sæveraas

«Teknisk æresoppdrag av høyeste orden»

Organisation Todt og byggingen av Hitlers polarjernbane
av Ketil Gjølme Andersen

Profittsøken uten kontroll?

De tyske byggebedriftene under Einsatzgruppe Wiking
av Simon Gogl
av Gunnar D. Hatlehol

 

I nyordningens tegn?

Organisation Todt og reguleringen av den norske byggebransjen

av Mats Ingulstad

Bokmeldinger

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *