HT 4/2018 – ute nå!

Marianne Egeland drøftar minnepolitikken kring Bjørnstjerne Bjørnsons diktarheim Aulestad i Gausdal. Etter at forfattaren døde i 1910, levde enka Karoline der heilt til 1934. Men alt i 1926 var staden, etter ein landsomfattande innsamlingsaksjon, kjøpt inn som «nasjonaleigedom» for å sikre han som minnestad over nasjonalhovdingen. Nokre av etterkomarane etter Bjørnson gjorde overgangen til nasjonalsymbol vanskelegare enn han kunne ha vore. Sonen Erling dreiv NS-propaganda frå Aulestad under krigen, og både han, dottera hans Aslaug og ei av hennar døtrer blei etter krigen dømde for landssvik. Egeland går gjennom aktiviteten til desse familiemedlemene og korleis dei bruka Bjørnson-arven til naziformål. Ho viser at denne delen av historia er halde utanfor den institusjonaliserte Aulestad-forteljinga.

Institutt for atomenergi (IFA) var ein privilegert forskingsinstitusjon etter krigen. Frå 1960-åra blei posisjonen utfordra, og i det neste tiåret var det opphavlege oppdraget, å utvikle kjernekraft, blitt uaktuelt. Pål Nygaard viser korleis IFA fekk eit nytt liv som forskingsinstitutt for andre industrigreiner. IFA hadde utvikla ein digital kompetanse som kunne nyttast mellom anna til å simulere prosessane i smelteomnane i aluminiumsindustrien og slik bidra til å redusere energibruken. Utan at det var resultat av ein klar plan, argumenterer Nygaard, gav atomforskinga avgjerande bidrag til digitaliseringa av norsk industri.

Dette er det siste nummeret frå tromsøredaksjonen som overtok ansvaret for Historisk tidsskrift frå 2015-årgangen. Vi la ikkje opp til noka omlegging av hovudlinja frå den føregåande redaksjonen i Trondheim. Historisk tidsskrift har også i vår periode hatt artiklar vesentleg om norsk historie. Vi har sett det som vår oppgåve å avspegle det som skjer i norsk historieforsking, og artikkeltilfanget har i hovudsak vore basert på manuskript innsende på forfattarinitiativ. Vi hadde ein ambisjon om å få fram fleire historiografiske og teoretisk-metodiske artiklar, og har følgd opp det ved å tinge nokre slike bidrag. Nyleg hadde vi eit temanummer basert på eit forskingsprosjekt om Organisation Todt i Noreg under andre verdskrigen (nr. 3, 2018).

Den viktigaste endringa i vår periode er overgangen til Open Access, som skjedde frå og med 2018-årgangen. For redaksjonen har ikkje denne overgangen gjort så stor forskjell, men det står att å sjå kva konsekvensar han vil ha for bruken av HT både hjå lesarar og forfattarar. Det ligg ei viktig føring i det nye finansieringssystemet som skal kompensere for bortfallet av abonnementsinntekter: Det skal gje støtte til tidsskrift som er med å halde oppe norsk som vitskapleg publiseringsspråk. Etter som meir og meir historieforsking i Noreg kjem på engelsk, er det klart at denne språkpolitikken inneber ei utfordring for ambisjonen til HT om å vere den leiande publiseringskanalen for norsk historie i artikkelformat. Ei anna vedvarande utfordring er å få fleire kvinner til å skrive for tidsskriftet.

Vi avsluttar med å takke alle som har sendt manuskript til oss og alle som har sagt ja til å vere fagfellar og bokmeldarar. Vi takkar også alle lesarane våre og Norsk historisk foreining og Universitetsforlaget for godt samarbeid. Ein Bergen-redaksjon under leiinga av Frode Ulvund tek no over – vi ynskjer dei lykke til!

Narve Fulsås
Ansvarlig redaktør