Engasjement som førstelektor/ førsteamanuensis/ høgskulelektor i moderne historie – st. nr. 20/2017

Søknadsfrist 24. april 2017

Ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda er det ledig eit engasjement på heiltid som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i moderne historie frå 1.8.2017 og fram til 31.7.2018.

Historisk institutt tilbyr forutan emne på grunnnivå, skiftevis 15-studiepoengsemne på fordjupingsnivå i globalhistorie, spansk historie, norske kystsamfunn og lokal-, familie og mikrohistorie. Instituttet tilbyr saman med Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag eit mastergradsstudium i Kulturmøte.

Den som blir tilsett i stillinga, skal ta del i den ordinære undervisninga, samt rettleiing av studentar i nyare norsk og internasjonal historie. Søkarane bør ha mykje av forskinga si på 1900-talet, og ei fagleg orientering mot samtidshistorie (tida etter 1945) og samfunnsvitskaplege og /eller kulturhistoriske fag vil vere ein fordel. Søkarar må ha praktisk pedagogisk utdanning eller høgskule/universitetspedagogikk. Avdeling for samfunnsfag og historie legg stor vekt på studentaktive læringsformer.

For engasjement som førsteamanuensis i moderne historie blir det kravd norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapelege arbeid av same omfang og kvalitet.

Meir informasjon om stillinga og søknadsprosessen finn du her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/136185/engasjement-som-foerstelektor-foersteamanuensis-hoegskulelektor-i-moderne-historie-st-nr-20-2017

Søknadsfrist 24. april 2017

HVOlogo_hoved_horisont_svart_digitalt

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *