Utlysning: Ph.d.-stipendiatar ved Høgskulen i Volda

Ved Høgskulen i Volda, HVO, er det ledig inntil fire stillingar som ph.d.-stipendiat (doktorgradsstipendiat). Arbeidsstad er Høgskulen i Volda.

Det vil vere ein fordel om søkjarane ønskjer å vere med i ei av forskingsgruppene ved Høgskulen i Volda. Per i dag er det 32 forskingsgrupper, og fleire av dei er tverrfaglege. På nettsidene til høgskulen er det ei oversikt over forskingsgruppene: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/forskingsgrupper.

Høgskulen søker ope etter gode doktorgradsprosjekt, men peiker på følgande tema som særleg ønskjelege:
• Barnehagepedagogikk
• Skriftkulturar
• Samfunnsfagsdidaktikk med vekt på berekraftperspektiv
• Kreativ visuell kommunikasjon
• Kvinner og motkulturar i norsk historie
• Møre og Romsdal distriktshøgskule Volda og regionen (1969-1994)
• Framtidsferdigheiter med innretning mot praktisk-estetiske fag

Aktuelle søkjarar blir oppmoda om å sette seg inn i fagområda til avdelingane og forskingsgruppene, og å utvikle doktorgradsprosjekt som passar inn i deira faglege profil.  For å få meir informasjon, kan du kontakte forskingssjef, forskingsgruppeleiarar og/eller dekan på avdelinga som er mest aktuell for deg. På nettsidene til Høgskulen i Volda finn du informasjon om noverande doktorgradsprosjekt: https://www.hivolda.no/phd/doktorgrad-volda.

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande.

Eit vilkår for å ta til i stillinga som stipendiat er at ein har opptak på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram. Frist for å levere dokumentasjon på dette er seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Høgskulen kan hjelpe til med utviklinga av søknad om opptak på doktorgradsprogram. Vi gjer merksam på at dei doktorgradsgjevande institusjonane til vanleg stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak. Søkjarar med utanlandsk mastergrad må ha utdanninga godkjent av NOKUT.

Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande innanfor sosialfag, helsefag, samfunnsvitskaplege fag eller i andre relevante fag. Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga). Søknadar med prosjektprofil retta mot praksisfelt som psykisk helse/rus, barnevern og NAV-tenester vil bli prioriterte framfor andre, så sant den faglege kvaliteten er god. Fagleg erfaring eller forskingskompetanse utover mastergrad på det aktuelle fagfeltet vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarane.

Søkjaren må ha gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap eit ph.d.- program i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving; vilkår og utvikling. Programmet er tverrprofesjonelt og tverrfagleg, og inkluderer bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar. Faggrupper møter i aukande grad samansette problem og må samarbeide på tvers av faggrupper for å utvikle gode tenester.

Stipendiatane ved Høgskulen i Volda vil kunne delta i forskingsfellesskap gjennom forskarskular som høgskulen deltek i: NAFOL (Nasjonal forskarskule for lærarutdanning), RVS (The Research School Religion, Values and Society), NATED (National Graduate School in Education), Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, WNGER II (Vestlandets forskarskule for pedagogikk- og utdanningsforskning) og Den norske forskarskulen i historie .

Stipendiatstillingar vert løna i statens lønsregulativ, lønnsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20, lønstrinn 54.

For å lesa meir eller søka på stillingane, besøk https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/178843/phd-stipendiatar-ved-hoegskulen-i-volda-st-nr-55-2019

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *