Historisk tidsskrift 1/2018 er endelig ute – Open Access!

Hele utgaven kan leses her: https://www.idunn.no/ht/2018/01

Forord

Narve Fulsås

Velkomen til ein ny epoke i vår historie: det fyrste Historisk tidsskrift som er gratis tilgjengeleg for alle på internett (gold open access). Dette nummeret kjem likevel òg i papirutgåve til medlemmene av Den norske historiske foreining, og for ein ekstrakostnad vil det vere mogleg å tinge papirutgåve også etter det. For redaksjonens del vil arbeidet med tidsskriftet elles halde fram som før. Grafisk utforming er litt endra, men det vil framleis kome fire nummer i året med omtrent same omfanget som tidlegare. For forfattarane blir den einaste, men viktige, forskjellen at dei no kan dele bidraga sine fritt. Det blir spennande å sjå om dette får konsekvensar for stofftilgangen til tidsskriftet, og om vi når fleire og andre lesarar enn kjernegruppa av HIFO-medlemmer og personar med tilgang til institusjonelle abonnement.

Den nye årgangen opnar med ei av keynote-føredraga ved fjorårets Nordiske historikarmøte i Aalborg: Sverker Sörlins refleksjonar kring utfordringane som miljø- og klimaspørsmåla reiser for historievitskapen. Han startar med ei av standardinnføringane i faget frå 1960-åra, E. H. Carrs What Is History?, både for å vise kor mykje disiplinen har endra seg sidan då, og for å vise at «natur» ikkje lenger kan tenkjast som noko eksternt til «historie». Med klimakrisa og med ein ny geologisk tidsalder kalla antropocene er naturen blitt historisert og innfiltra i menneskelege temporalitetar, men enno utan at historikarane har påverka måtane det har skjedd på i vesentleg grad. Sörlin spår at vi er inne i ei omgrepsmessig omstillingstid som kan sidestillast med den Reinhart Koselleck identifiserte i Europa ved overgangen frå 1700-talet til 1800-talet.

Elbjørg Haug tek opp ein diskusjon om kroninga av den norske og svenske kongen Magnus Eriksson (1316–1374) som har å gjere med dei skandinaviske unionanes rolle i «Noregs nedgang». Spørsmåla gjeld om kroninga skjedde med samtykke frå det norske riksrådet og om det fann stad ei separat kroning i Oslo, slik P. A. Munch hevda og som Gustav Storm fann kjeldebelegg for, men som seinare blei imøtegått av Johan Schreiner. Haugs bidrag er ein ny, kritisk gjennomgang av kjeldene, supplert med nytt materiale om forholdet til Skåne. Hennar konklusjon støttar dei eldre synspunkta til Munch og Storm, og dermed også oppfatninga om at unionen under Magnus Eriksson var ein rein personalunion.

Vegard Kvam og Asbjørn Tveiten skriv om Lov om Behandling af forsømte Børn av 1896, kjent som verjerådsloven. Her møttest juristanes ynskje om å få born ut av fengsla med skulefolkets ynskje om å få vanskeleg born ut av den vanlege skulen. Loven stadfesta samfunnets rett til å gripe inn i foreldre– born-forholdet av omsyn både til vanskelegstilte born og til samfunnet. Slik fekk born auka rettsvern. Forfattarane er likevel primært opptekne av foreldrerettsperspektivet. På den eine sida kan omsyna til born og samfunn no seiast å ha fått større vekt på kostnad av foreldreretten. Det var klart erkjent at loven i praksis ville handle mest om å gripe inn overfor foreldre i lågare sosiale lag, og Venstre-representantar var uroa over at desse no kunne kome i ei meir usikker stilling. Denne erkjente uroa saman med ei meir einskapleg lovgjeving innebar, meiner forfattarane, at foreldreretten på visse måtar blei styrka. Premissa for å gripe inn opna for skjønn, men var i det minste noko klårare enn tidlegare, verjerådet skulle ha ein juridisk kvalifisert dommar, og det blei innført ordningar for ankerett og foreldredeltaking under sakshandsaminga. Om foreldreretten reelt blei styrka, blir til slutt likevel eit spørsmål om korleis loven blei praktisert.

I eit debattinnlegg tek Svein H. Gullbekk opp spørsmålet om kongemaktas inntekter frå utmynting i høgmellomalderen, ei inntektskjelde som fleire historikarar dei seinare åra har oppvurdert. Sverre Bagge har slutta seg til oppvurderinga, men på same tid avvist å leggje til grunn ein kalkulasjon Gullbekk har gjort for 1290-åra. Gullbekk forsvarer oppfatninga om at kongemakta i ekstraordinære situasjonar kan ha henta så store inntekter ved å fornye myntane eller gjere dei mindre verdt. Men han er heilt samd i at dette eksemplet ikkje er representativt og at spørsmålet om kor viktige desse inntektene var, stadig er ei utfordring for numismatikarar og historikarar.