Replikk frå redaksjonen i Historisk tidsskrift

Vi kan berre ynskje “Herrenes historie, igjen?” velkome. Den skeive kjønnsfordelinga mellom bidragsytarane i Historisk tidsskrift er noko vi er pinleg merksame på og noko vi har kome regelmessig tilbake til, mellom anna i redaksjonsrådsmøta. Det er rett, som forfattarane av innlegget skriv, at hovudproblemet er den skeive kjønnsfordelinga mellom norske historikarar. Dei stiller spørsmål ved rekrutteringa til historiestillingar, det skal vi la liggje. Som redaksjon i Historisk tidsskrift kan vi ikkje dekkje oss heilt til bak dette, vi må prøve meir aktivt å bidra til at det endrar seg.

Vi gjorde eit lite symbolsk grep då vi tok over, som er illustrerande. Vi reviderte den gamle forfattarinstruksen, der alle døme på referansar var til mannlege historikarar. Jamvel eksempla på arkivreferansar var til mannlege historiske aktørar og kjeldeskaparar.

Skal ein døme etter siste nummeret i 2017, har likevel ingenting endra seg. Fullt så gale som dette nummeret indikerer, er det likevel ikkje; det var eit element av maksimalt uheldig timing. I dette nummeret var alle bidragsytarar menn, og alle omtalte bøker var skrivne av mannlege historikarar. No har vi åtte bokmeldingar som er klare til dei neste numra. Av dei er fem skrivne av kvinner og fire av dei melde bøkene har kvinnelege forfattarar, heilt eller delvis. På artikkelsida er det likevel ikkje teikn til vesentleg endring: også dei neste numra vil vere dominert av mannlege historikarar. Skulle vi insistere på ein betre balanse, måtte vi innstille drifta.

I årsrapporten har vi peika på éin årsak til denne tilstanden. Det største historiske instituttet i landet, det ved Universitetet i Oslo, har slutta å bruke Historisk tidsskrift som publiseringskanal. Når dette er det desidert største miljøet, og om lag ein tredjedel av historikarane der er kvinner, slår det ut på vår kjønnsprofil.

Historisk tidsskrift er i hovudsak eit postkassetidskrift: vi skal avspegle det som skjer og ta imot bidrag som kjem inn. Vi kan likevel prøve å vere meir aktive i å tinge bidrag frå kvinnelege historikarar. Men det er også slik, som forfattarane av «Herrenes historie, igjen?» peikar på, at våre kvinnelege kollegaer oftast har eit ekstra press i alle retningar. Vi må tru at dette vil jamne seg ut etter kvart; i Tromsø er dei tre sist tilsette historikarane kvinner. I mellomtida kan vi berre oppmode alle historikarar, og særleg kvinner, til å sende bidrag til oss. Vi kan ikkje garantere at alle bidrag blir trykte, men vi prøvar så godt vi kan å vurdere alle bidrag etter dei same målestokkane. Og det er i alle fall ikkje vår erfaring at kvinnelege fagfellar stiller andre og «mildare» krav til fagleg kvalitet.

 

For redaksjonen i Historisk tidsskrift
Narve Fulsås (hovudredaktør)