Bygdebok-/bygdesogeskrivar for tida ved plan, næring og kulturetaten
Tokke kommune har ledig oppdrag/stilling som bygdesogeskrivar som skal skrive bygdebøkene for gamle Lårdal herad, Lårdal Ætt og Heim.
Søknadsfrist: 1. oktober 2023
For å lese meir og sende søknad, trykk her.
Det er frå tidlegare gjeve ut tre band i serien – to sokn står att.
Sogeskrivar blir støtta i arbeidet av ei sogenemnd og tidlegare innsamla kjeldemateriale vert gjort tilgjengeleg for skrivar. Bøkene skal skrivast på nynorsk og etter same lest som tidlegare bøker.
Ein ser for seg eit engasjement på inntil 5 år, med heile årsverk. Frilansarar eller søkjarar med eige føretak er ynskjeleg, like eins lokal tilknyting, men dette er ikkje eit krav. Det er ynskjeleg at oppdragstakar har erfaring frå liknande arbeid, og kjennskap til mellom anna folketeljingar og kyrkjebøker. Tokke kommune ynskjer å kome i kontakt med interessentar som kan ta på seg dette oppdraget.
Ynskjelege kvalifikasjonar:
– Utdanning på bachelornivå eller høgare innafor relevante fagområde
– Relevant yrkeserfaring
– Gode skriftlege ferdigheiter på nynorsk må dokumenterast
– Kjennskap til lokalhistorie og aktuelle arkivkjelder
Personlege eigenskapar:
– Gode samarbeidsevner
– Fleksibel og løysingsorientert
– Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
Me tilbyr:
– Honorar etter avtale og kvalifikasjonar
– Sogenemnd som fylgjer og stør arbeidet
– Kontorplass om ynskjeleg