Fra HTs arkiver – HIFO150

I jubileumsåret vil historikere fra hele landet hver måned presentere artikler fra Historisk tidsskrifts tidligere årganger. I juni har Nils Olav Østrem valgt sin favoritt, på vegne av HIFO Rogaland.

Ingrid Semmingsen skreiv i 1977 artikkelen «Nordisk utvandringsforskning». Eg vel meg denne som historisk HT-artikkel. Året etter kom artikkelen i engelsk versjon i Scandinavian Journal of History, der kalla «Nordic Research into Emigration».

Ingrid Semmingsen er ein HT-forfattar det er vel verdt å trekkja fram. Einar Niemi har omtalt artikkelen hennar som «Semmingsens farvel som motor og hovedaktør i den norske og nordiske migrasjonsforskningen». Artikkelen til Semmingsen viser hennar skarpe historiografiske utsyn. Ho oppsummerer i artikkelen ikkje berre forskinga, men legg også ei plattform for nye problemstillingar og forskingsutfordringar. Artikkelen manar til nye vendingar i migrasjonshistorie.

Artikkelen frå 1977 skreiv Ingrid Semmingsen (1910-1995) ved slutten av si tid som professor i historie ved Universitetet i Oslo. Alt i 1938 hadde ho – som Ingrid Gaustad – sloppe til med ein utvandringshistorisk artikkel i HT. Der skriv ho om utvandringa før den amerikanske borgarkrigen. Neppe mange artikkelforfattarar i HT hadde vore kvinner før den artikkelen stod på trykk.
Ingrid Semmingsens 1977-artikkel om nordisk utvandringsforsking tar føre seg forskinga på feltet i dei nordiske landa, unntatt Island – og Noreg. I praksis skriv ikkje Semmingsen uttrykkeleg om si eiga forsking omkring migrasjon og utvandring. I staden tar artikkelen føre seg eit særskilt omfattande forskingsfelt med gjennombrot nasjonalt og internasjonalt på 1960-tallet, etter verdshistorikarkongressen i Stockholm, som inneber ei klar vending mot sosialhistorie og økonomisk historie, etter lang tids dominans av politisk historie. På migrasjonsområdet var særleg viktig Frank Thistlethwaites rapport om utvandring og migrasjon.

Ingrid Semmingsen var pioner innan feltet og tok med seg heile den nye forskinga til Norden og Norge. Det kjem lite direkte fram i artikkelen hennar frå 1977. Rett nok – Ingrid Semmingsen gjer seg synleg her og der i dette oversynet. Ho tar reint ut på seg å leggja på eigne skuldrer kritikk som var blitt reist mot andre norske eller norskamerikanske utvandringshistorikarar. Thorvald Moes økonometriske modell for norsk emigrasjon fekk kritikk av Sune Åkerman for at «påliteligheten av den trykte norske utvandringsstatistikk» ikkje var tilstrekkeleg undersøkt. Ingrid Semmingsen går imellom dei to menn: «Det er en oppgave undertegnede burde ha tatt seg av så langt tilbake som i 1950.»

Ingrid Semmingsen førde ein svært god penn. Språkføringa hennar bygde også bru mellom akademia og allmennlesarar, med varig verknad. Det ser me her i landet ennå, jfr. bindsterke populærvitskaplege verk som Sverre Mørkhagens og stor ny interesse for skjønnlitteratur om utvandringa gjennom forfattarskapen til Edvard Hoem.

Artikkelen til Ingrid Semmingsen knytte seg til eit omfattande internasjonalt forskingsfelt. Det var ikkje heilt nytt på den tid ho skreiv artikkelen sin, men feltet blei sterkt fornya og drive fram av ein norsk historikar, den første norske kvinne med professortittel innan faget. Forskingsfeltet hennar, migrasjon, har framleis den sterkaste aktualitet i dag. Jamfør med innvandringsdebatten i dag og omskrivinga av omgrepet flyktningkrise til ikkje først og fremst å vera ein katastrofe for flyktningane sjølve. I staden blir kriseomgrepet knytt opp til mottakssamfunna i vår tid og deira i samanlikning langt mindre utfordringar.

Historisk tidsskrifts årganger fra 1871 til 2000 er nå fritt tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets sider, og fra 2018 på Idunn.

Se også 100 års historisk forskning, med utvalgte HT-artikler (1969).

Utvalget av månedens historiske HT-artikkel skjer i regi av lokallagene og styret.

Neste «Fra HTs arkiver» kommer i september.