Kulturhistorisk boknemnd for Etne søkjer historikar/forfattar til arbeidet med nye band av Etne-soga.
Prosjektet skal vidareføre lokalhistorieverket for Etne og omfatte historia frå kring 1800 og fram til vår tid. Det er førebels planlagt to band: eitt med ei samla framstilling av den økonomiske, politiske, sosiale, kulturelle og teknologiske utviklinga i Etne, og eitt med historia til krinsane og lokalsamfunna.
Vi ønskjer kontakt med personar med historiefagleg bakgrunn og interesse for lokal- og samfunnshistorie, gjerne med tilknyting til området. Erfaring frå større historiske arbeid eller bygdebokarbeid er ein fordel.
Boknemnda ønskjer å engasjere ein forfattar med oppstart i 2027. Omfang, framdrift, arbeidsdeling og økonomiske rammer vil bli nærare avklarte i dialog med aktuell forfattar.
Interesserte blir inviterte til å ta kontakt for meir informasjon og ein uforpliktande samtale. Søknadsfrist 15. desember.
Kontakt:
Vilde Lundal Santell, prosjektleiar
vilde@sogeboka.no
+47 466 97 709