Stillingsutlysning som stipendiat ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN)

Ved USN Handelshøyskolen er det frå 1. januar 2020 ledig stilling som stipendiat innanfor tverrfaglege kulturstudiar.

Stillinga er knytt til Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap, og næraste overordna er instituttleiar. Hovudarbeidsstad er p.t. Bø i Telemark.

Stipendiaten skal arbeide med forsking på politisk kultur for å undersøke korleis og kvifor den endra seg i den perioden da det materielle grunnlaget for samfunnet vart avgjerande endra og det moderne industri-/tenestesamfunnet oppstod. I Noregs tilfelle var dette frå midten av 1800-talet og frametter. Politisk kultur skal ein forstå breitt, som det sett av haldningar, normer og praksisar som er relevante for det politiske spelet og for politisk legitimitet og styring.

Prosjektet bør inkludere norske tilhøve, men det kan gjerne væra komparativt. Undersøkingsområdet kan såleis vera både lokalt, regionalt, nasjonalt og/eller nordisk, alt etter kva for tematikk og innretting stipendiaten vel. Kva for periode prosjektet skal ta for seg, avheng likeleis av tematikken.

Faggruppe for historie i Bø samarbeider med fleire regionale institusjonar. Prosjekt med tilknyting til Telemark vil ha ein føremon der to prosjekt elles står likt, men ein slik tilknyting er ikkje noko krav.

Korleis vart den politiske kulturen påverka av industrialisering, endra kommunikasjonar, næringsutvikling og samfunnsmodernisering generelt? Eit døme på eit mogleg tema er korleis oppbygginga av store einsidige industristader verka inn på den politiske kulturen. Eit anna er å undersøke korleis bestemte økonomiske interesser fann gjenklang i den politiske styringa. Dette kunne skje t.d. gjennom direkte påverknad eller gjennom at den rådande politiske tenkemåten og språket gjekk saman med eit visst økonomisk paradigme, eller ved at økonomiske og politiske elitar danna nettverk.

Det er vel kjent korleis samfunnsmoderniseringa sterkt endra rolla enkelte samfunnsgrupper hadde (som borgarskap, bønder, handverkarar, embetsmenn), og at den skapte nye (proletariat, funksjonærar), og at dette verka til å frata nokon grupper makt, økte innverknad andre grupper hadde, og i siste instans forma heile politiske systemer. Kva for rolle den politiske kulturen spela i disse prosessane, er derimot mindre utforska.

Norsk/nordisk politisk kultur, prega m.a. av egalitarisme og pragmatisme, vert ofte oppfatta som ein del av «den nordiske modellen», men det er ikkje forska mykje på i kva grad den politiske kulturen i dag er avgjerande forma av moderniseringa eller mest er ein vidareføring av trekk frå det førindustrielle samfunnet.

Dette er nokre eksempel og er langt i frå meint å vere ei uttømmande liste over moglege perspektiv. Søkjarane blir oppmoda til sjølve å legge fram eigne originale perspektiv og forskingsstrategiar.

Tilsetting skjer for ein periode på fire år med 25 % undervisningsplikt.
Søknadsfrist er 1. november 2019

For å lese meir om stillinga og sende søknad, besøk https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/175674/stipendiat-i-historisk-studium-av-politisk-kultur.

For spørsmål om stillinga:
Faggruppeleiar, professor Nils Ivar Agøy (nils.i.agoy@usn.no), tlf. 35 95 26 36 / 48 60 59 98
Forskargruppeleiar, førsteamanuensis Kai Østberg (kai.ostberg@usn.no), tlf. 35 95 26 34 / 47 82 31 51
Instituttleiar, professor Annett Arntzen (Annett.Arntzen@usn.no), tlf. 31 00 90 51 / 45 29 57 08

For spørsmål om søknadsprosess:
Seniorrådgjevar Wigdis N. Nordhus, tlf. 31 00 94 09

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *