Norske Historiedagar, Bodø, 27.-29. juni 2024

Hovudtema med manuslokking og sesjonsforslag: 

30 år etter avstemminga om norsk tilknyting til EU (1994) tar vi omgrepet «dikotomisering» opp som tema for dei norske historiedagane. Då handla spørsmålet dikotomiar, nærmare bestemt omgrep eller fenomen som rommar eller byggjer på omgrepsmotsetningar. Det var snakk om dikotomiar om folk og elite, by og land, sentrum og periferi, Europa og Noreg, og ikkje minst mellom nasjon og union. Dikotomiane auka også kjensla av demokratisk krise, og prega den offentlege debatten då som no. Dikotomiane har ein evne til å stimulere til polarisering, og kan fremje populisme. Då kokte spørsmålet til sjuande og sist ned til dikotomiane «ja» eller «nei», som var einaste tekst på stemmesetelen i valet i slutten av november 1994. 

Dikotomiar er viktige omgrep som forenklar erkjenningsverda vår, og dei seinare åra har dikotomiar kanskje blitt enda viktigare enn før, også for historikarane si behandling av komplekse tema. 

Norske historiedagar blir halde i den europeiske kulturhovudstaden Bodø i 2024, i den byen 59,9 % av folket stemte mot EU. Historia er  full av paradoks og nyansar, noko vi vil adressere i det landet 52,5 % av folket også stemte nei. I dag er land og by eit utanforland og ein utanforby i eit europeisk fellesskap. 

Dikotomisering og polarisering kan skygge for det offentlege ordskiftet. Det norske historiemiljøet blir derfor utfordra til å drøfte og problematisere den utstrekte bruken av dikotomiar i det offentlege ordskiftet. Det gjeld ikkje berre dei som arbeider med moderne historie eller samtidstema, men også historikarar med forsking på antikken, mellomalderen eller tidleg-moderne periodar. Det er særleg viktig nettopp å analysere dikotomiane i tidsperspektiv for å forstå dei langsiktige verknadene dei har hatt for Noreg i dag. Historiedagane i 2024 vil såleis utfordre samtidas unyanserte, lite finmaska bruk av dikotomiar. 

Vi oppmodar særleg forskarar, arkivarar, lærarar, PhD-studentar og historieinteresserte om å spele inn framlegg til sesjonar, manus og frie foredrag med relevans for historiedagane 2024. Kom gjerne med tema på foredrag og sesjonar på aktuelle dikotomiar som:

  • Sentrum og periferi
  • Klima og økonomi
  • Kjønn og politikk
  • Voner og realitetar
  • Skam og nasjonalstat
  • Elite og masse                                               
  • Noreg og Verda
  • Noreg og Skandinavia
  • Religion og stat
  • Revolusjon og reaksjon
  • Utopi og dystopi

Individuelle framlegg skal vere på maksimum 300 ord og ha ei kort biografisk skisse på maksimum 100 ord. Sesjonsframlegg skal ha 3-4 paper kvar, og elles liknande presentasjon som skissert for individuelle framlegg. 

Har du førespurnader og spørsmål eller framlegg så send dei til: historiedagane2024@nord.no

Informasjon om program, overnatting og påmelding kjem snart.

Innsendingsfrist 30. januar 2024