HIFOs årsmøte vert halde laurdag 29. juni under Norske historiedagar i Bodø. Det vil vere mogleg å delta digitalt på årsmøtet for dei medlemane som ikkje skal til Bodø i år. Dersom du ynskjer å delta digitalt, er det bindande påmelding til post@hifo.no innan onsdag 26. juni. Informasjon om det praktiske rundt digital deltaking vert sendt ut til dei påmeldte etter påmeldingsfrist. Årsmøtet blir berre strøyma dersom nokon har meldt seg på digitalt.
Tid: Laurdag 29. juni, kl. 16.30–18.00
Stad: Folkets hus, Bodø og digitalt Zoom
Meir informasjon om digital deltaking vert sendt ut til dei påmeldte.
Sak 2 Årsmelding fra styret 2023-2024
Sak 4a Regnskap og balanse 2023
Sak 6 Arbeidsplan for styreåret 2024-2025
Sak 9 Strategi for tidsskriftene