Den norske historiske forening (HIFO) søkjer ny sekretær!

Den norske historiske forening (HIFO) er ein organisasjon for historikarar i Noreg, og arbeidar for å styrke historiefaget i skuleverket, i høgare utdanning og i offentlegheita. Foreininga har publikasjonane Historisk tidsskrift og Historikeren.

Som sekretær i HIFO har du ansvar for oppgåver knytt til dagleg kontordrift, medlemssaker, møteverksemd, rekneskap og økonomistyring. Du vil ha eit tett samarbeid med styreleiar og kasserar, og det er ein fordel at du kjenner til HIFO frå før av. Stillinga er ei fleksibel deltidsstilling som svarar til omtrent ei 20% stilling. Arbeidsmengda vil variera gjennom året. Stillinga passar godt for masterstudentar som ynskjer ekstrainntekt ved sida av studiet, og for nyutdanna historikarar. 

Me søkjer deg som er pliktoppfyllande, ansvarleg og engasjert. Du kommuniserer godt, er serviceinnstilt og maktar å halde fleire ballar i lufta samstundes. Stillinga krev at du er sjølvstendig og strukturert. Det er ein fordel om du har kjennskap til og erfaring med økonomistyring og rekneskapsføring, men ikkje eit absolutt krav. 

Arbeidsoppgåver:

  • Medlemssaker og dagleg kontordrift
  • Drift av digitale plattformar
  • Kontaktpunkt og bindeledd i organisasjonsstrukturen 
  • Planlegging og tilrettelegging av styremøte og årlege arrangement
  • Referatskriving
  • Økonomistyring

Me kan tilby:

  • Eit triveleg og allsidig arbeidsmiljø
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Svært fleksibel arbeidstid der du arbeider etter din eigen timeplan
  • Innsikt i og moglegheit til å påverke samfunnsrelevante saker
  • Noko reiseverksemd må ventast, mesteparten av møta er digitale
  • Arbeidsstad der du bur
  • Lønn etter avtale
  • Opplæring

Søknad med CV sendes til post@hifo.no innan 28. juli. Skriv «Søknad sekretærstilling» i emnefeltet. 

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med Håvard Stensletten Eik på e-post post@hifo.no.

Velkomen som søkjar!