HT 2/2018 – ute nå

I 1804 nytta ein biskop islamske skræmebilde i kampen mot Hans Nielsen Hauge. Hauge prøvde å etterlikne «Abdul Vechab», hevda han, og sikta med det til den religiøse ideologen bak wahhabismen, ein variant av islam som var med å leggje grunnlaget for det saudiarabiske riket. Frode Ulvund undersøkjer i sin artikkel kva informasjon som fanst om islam og den arabiske verda i Skandinavia på denne tida. Han viser at nyheitsbulletinane som nådde Skandinavia, sirkulerte i eit europeisk-orientalsk nettverk og at dei i stor grad var filtrerte gjennom det osmanske rikets trusseloppfatningar.

Ole Martin Rønning vil i sin artikkel om Sosialistisk Kulturfront setje denne vesle og kortlevde organisasjonen inn i ein internasjonal kontekst og drøfte korleis han oppstod, blei innretta og gjekk i oppløysing som resultat av både heimlege og internasjonale forhold. Forfattaren studerer sentrale aktørar og utgjevingar og argumenterer for at Kulturfronten var eit særnorsk uttrykk for breiare europeiske tendensar. Antifascisme og antinazisme var sentrale, felles ideologiske haldepunkt, men strid og splitting på venstresida leidde til at den norske forgreininga slutta å eksistere etter kort tid.

Håvard Brede Aven og Ola Innset drøftar det norske Høgres syn på statsdrift på bakgrunn av ulike reformuleringar av økonomisk liberalisme etter andre verdskrigen. Dei argumenterer for at Høgre i viktige saker talte sterkt for statleg industrieigarskap fordi dei sette nasjonale interesser fyrst. Dette, meiner dei, gjer det misvisande å ta utgangspunkt i ei motsetning mellom «stat» og «markand» når ein skal forstå konservativ politikk i etterkrigstida. Høgre hadde ein sjølvstendig politikk som ikkje kan reduserast til avvik i retning sosialdemokratiske standpunkt.

Narve Fulsås, redaktør.

Artikler:

Wahhabisme som skremmebilde i Skandinavia rundt 1800
Hans Nielsen Hauge i lys av osmansk anti-wahhabisme
av Frode Ulvund

Kulturkampen som endte i heksejakt
Sosialistisk Kulturfront 1935–1937
av Ole Martin Rønning

Konservatisme, nyliberalisme og statsdrift
Høyres syn på statseid industri 1945–1981av Håvard Aven og Ola Innset

Bokmeldinger:

Kåre Johan Mjør: Russiske imperium
av Åsne Ø. Høgetveit

Bjarte Bruland: Holocaust i Norge. Registrering. Deportasjon. Tilintetgjørelse
av Synne Corell